Målsettinger og prinsipper
Stordalsportalen er/blir utvikla for at den skal vere for
folket i Stordalssamfunnet. Den skal også vere av
folket gjennom deltaking i infosider og interne heimesider
innan sjølve portalen.
Men den skal også rekke langt ut i verda, derfor:
Stordalsportalen bør bli
Stordalssamfunnet sin viktigaste profilerings-,
markedsføringsmedium og
markedsføringskanal på
internett.
|
Men samtidig er den jordnær og gir informasjon til
bygdefolket om det meste som skjer på det lokale
plan.
Skal vi oppnå disse intensjonane, er det svært
viktig at alle verksemder - små og store - lag,
organisasjoner og instanser tek del og blir med slik at vi
kan få vist mangfaldet av det som vi til saman har
å by på.
Her er dei mest
Grunnlegende prinsipper for
Stordalsportalen:
- Stordalsportalen skal vere ein positiv presentasjon
på internett av Stordalssamfunnet og i prinsippet
femne om alt som vi vil presentere av positiv informasjon
frå vårt område.
- Med Stordalssamfunnet meiner vi dei geografiske
områda Nedre Stordal, Dyrkorn, Øvre Stordal,
Langsæterområdet og Bortomfjorden og herunder
alt næringsliv, kultur, historie, friluftsliv,
idrett, tiltak, aktiviteter, arrangementer, opplevelser
etc.
- "Stordal" skal gjennom Stordalsportalen byggast opp som
eit merkevarebegrep og brukast aktivt ved alt som treng
positiv informasjon og markedsføring frå dette
utgangspunktet.
- Sjølve portalen skal vere organisert som ei
verksemd; bygd opp som stiftelse, aksjeselskap eller
liknande. Dette skal vere lagt opp som eit bygdaforetak der
alle personer, verksemder, lag og organisasjoner kan vere
med som deleigarar.
- Vi ønsker at Stordalsportalen skal framstå
som noko unikt og interessevekkande.
- Vi ønsker å stille store kvalitetskrav
både til videreutvikling, oppdatering og drift av
Stordalsportalen. Der skal vere prosedyrer for
kvalitetssikring i heile portalens virkeområde.
- Stordalsportalen blir i stor grad bygd opp basert
på et desentralisert oppdaterings- og driftsopplegg
gjennom flest mulige områder / grupper som har eget
klart definert oppdaterings- og driftsansvar.
Stordalsportalen vil vere under kontinuerlig
videreutvikling.
Stordal, 09.08.2005
Med vennleg helsing frå
Representanter for Arbeidsgruppa og Datagruppa
John Kr. Hjelle, Emile Van Gelderen, Ruth Janne Vinje,
Jarle Hove, Einar J. Hove