Rosekyrkja
Adresse
6250 Stordal
Telefon
Om Rosekyrkja
Stordal gamle kyrkje, Rosekyrkja, har gjennom fleire
hundreår vore ein sentral
samlingsstad i Stordal. I dag er denne kyrkja den
største turistattraksjonen i bygda.
Rosemålinga frå slutten av 1790-talet gjer
kyrkjerommet spesielt. Fortidsminneforeininga er eigar
av kyrkja og sørgjer for omvisning.
Gjennom dei to siste tiåra er det på
området aust for kyrkja kome til tre bygg, som
tidlegare har hatt andre plasseringar i bygda.
Bygningen nærast kyrkja er Prestestova, bygd rundt
1870, som vart flytta frå andre sida av riksvegen
rett sør for kyrkja. Løsetstova, ei typisk
sunnmørsstove bygd på slutten av
1790-talet, kjem som namnet seier frå garden
Løset. Det tredje bygget er eit om lag 250 år
gammalt stabbur frå Busengdal. Til saman utgjer
kyrkja og dei tre husa - med tunet framføre
bygningane - ein populær stoppeplass for turistar
og andre farande.
|