Markering av Unionsoppløysninga

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 08.06.2005

7. juni 2005
Det var eit flott arrangement i anledning 100-års dagen for unionsoppløysninga på Stordal Bygdetun.

 

Først var det turmarsj med lang eller kort løype (5 eller 2 km), og jubileumspins til dei som deltok. Slik fekk ein samtidig markert at 2005 er friluftslivets år. I Prestestova var det utstilling med historiske bilder og dokumenter. I Løsetstova var det anledning til å få seg rjomegraut eller kaffi med noko attåt.

Arrangementskomiteen med Ragnhild Flaaen i spissen hadde satt saman eit flott program.

Liv Randi Bjørlykke hald eit humoristisk kåseri over tilstanden i Stordal i 1905.

Kirsti Almås las ein prolog som svigerfar Gunnar Almås hadde skrive i anledning kommuneoppløysninga frå Ørskog i 1977.

Mellomsteget ved Stordal Skule framførte ei dramatisering over historia til Norge fram til 1905. Her fekk vi med humoristisk vri møte både Heilage Olav, Harald Hårfagre, Svartedauden og mange fleire. Stordalingane kan verkelig vere stolt over ungdomen sin.

Alt i alt eit vellukka arrangement, til trass for det kalde og sure vêret som ligg over Stordalen for tida.

Sjå også bilder under Glimt av Stordal

Temaer

Tema  Friluftslivets år 2005

Anna

Gallery  Hendingar

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as