Stordal Sogenemnd
Adresse
v/Stordal Kommune
6250 Stordal
Telefon
70279100
Om Stordal Sogenemnd
Stordal sogenemnd er ei kommunal nemnd som vart vald
første gong i 1979. Viktigaste oppgåva for
denne nemnda har vore å legge til rette for
utgjeving av bygdebøker i kommunen.
Første bind av Stordalssoga kom ut straks før
jul 1989. Dette bindet har fått namnet "Farne
tider" og er ei allmennsoge frå Stordal kommune
frå dei første tider og fram til
mellomkrigstida. Boka er på vel 500 sider og har
om lag 200 bilde og illustrasjonar. Forfattaren av boka
er Jostein Sande.
Andre bind av Stordalsoga kom ut straks før jul
2002. Dette bindet fekk namnet "Gard og ætt" og er
ei gards- og ættesoge for Stordal kommune i tida
frå om lag år 1800 til noko innpå 1900
talet. Denne boka vart skriven av Liv Randi
Bjørlykke.
Begge desse bøkene kan ein få kjøpt ved
å vende seg til Stordal kommune tlf. 70279100.
Første bindet kostar kr 300,-, og det andre kostar
kr 500,-. Kjøper ein begge bøkene samla, er
prisen til saman kr 700,-.
|