Arbeidet med Stordalsportalen frå oktober 2004 og
ut året 2005
Innlagt den 31.12.2005
Oppstart / Bakgrunn.
Opptakten til dette prosjektet, Stordalsportalen, var
at representanter for Stordal bondelag gjennom eit
områdetiltak starta planarbeidet med ei felles
heimeside for landbruksrelaterte næringar i mai
2004. Det viste seg snart at dette kunne utvidast til
eit mykje større prosjekt. Det er utført
relativt store bakgrunnsundersøkelser i peri-oden
mai til september. Dugnadsarbeid er kalkulert til kr.
20.000 i denne perioden.
Vi fann det riktig å kontakte leiaren for
bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal, og det
vart etablert eit utstrakt samarbeid mellom Øvre
Stordal, Stordal Sogelag, Landbruksorganisasjonane og
ei datagruppe i Stordal. Vi kalla så inn til eit
Bygde-møte for felles presentasjon der vi ville
vurdere dei forskjellige sider ved å etablere ein
portal. Dette var eit dugnadsarbeid kalkulert til Kr.
25.000.
Stort møte i Grendasalen
23.11.04
Dette førte til eit stort møte i Grendasalen
i Stordal den 23.11.04. Etter forskjellige innlegg og
diskusjon konkluderte ein med at ein ville sette i gang
forprosjekter i to etapper:
- Eit FOR - FOR prosjekt ( Fase I ) og hvis dette
munna ut i positive konklusjoner
- Eit Forprosjekt ( Fase II )
Det er skreve to omfattande dokumentarende rapporter i
denne samanheng:
- Referat frå møtet den 23.11. Denne
rapporten inneheld også basis for søknad til
Stordal Kommune om økonomisk støtte.
Rapporten er datert 24. nov. 2004
- Frå FOR - FOR prosjektet er det skreve ein
rapport og samtidig grunnlag og retningslinjer for eit
Forprosjekt. Rapporten er datert 17. des. 2004.
Stordal Kommune ytte støtte med Kr. 15.000 til
kvar av disse fasene. Så langt var det nedlagt eit
dugnadsarbeid vurdert til tilsaman Kr. 83.000.
Prosjektet - Stordalsportalen
Det blei så laga ein omfattande Forprosjektrapport
som samtidig var retningslinjer for gjennomføring
av prosjektet, datert 24.01.05. Denne rapporten var
også grunn-lag for å søke Stordal
Kommune om støtte. Dette blei gjeve med Kr. 43.000
til støtte i Fase I og Kr. 48.000 i støtte
til Fase II. Dette var såleis også delt i to
faser.
Stordalsportalen er for så vidt ferdig utvikla og
en masse informasjon er allereie lagt inn. For å
sjå kva slags datatekniske løysingar
Stordalsportalen er bygt på, sjå Om Stordal,
Om Stordalsportalen, Datamessig oppbygging.
|