|
![]() |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
![]() |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Søk i Stordalsportalen
|
Stordal og Valldal Hornmusikk med 6. plass i NMSkrive av: Ruth Janne VinjeInnlagt den 10.03.2008 I helga vart det arrangert norgesmeisterskap for janitsjarkorps i Trondheim. Stordalingane og Valldalingane fekk i samspel ein hederleg 6. plass. Korpsbyen Trondheim 80 korps med omlag 4000 musikantar frå heile landet gjorde eit bra innslag i bybildet i Trondheim, 7.-10. mars. NM er inndelt i 5 divisjonar + elitedivisjonen. Stordal og Valldal Hornmusikk deltok eit par gonger i NM på 90-talet, og stilte i år i 5. divisjon. Dirigent var den faste Valldalsdirigenten, Jan Helge Andreassen, og forutan den faste besetninga, var det henta inn litt forsterkningar frå Vatne, Skodje og Ålesund. Music for a Festival Musikkstykket, Music for a Festival av Phillip Sparke, kan seiast å vere typisk korpsmusikk. Her er både fanfarar, raske parti og ein roligare del. Stykket er rimeleg krevande, og korpsa hadde lagt ned mange øvingstimar i forkant. Hornmusikken framførte musikken på ein korpskafe i Valldal i slutten av februar, slik at også dei heime skulle få eit inntrykk av kva dei øver på. Konkurransa Allereie fredag var konkurransa i 5. divisjon. Hornmusikken framførte stykke flott. Tilsaman var det 12 korps i denne divisjonen. Konkurransa i denne divisjonen er hard, for alle korps som ikkje har vore med på NM før, eller som har hatt nokre års pause, må stille i nederste divisjonen. Resultatet vart først kjendt på premieutdelinga laurdagskvelden. Korps og dirigent var strålande fornøgd med 6. plassen. Eit løft På same måten som idrettsutøvarar jobbar hardt før konkurransar, må musikarar også gjere ein innsats. Dirigent Andreassen seier at alle musikantane har fått store utfordringar, og begge korpsa har fått eit løft. For Stordal Hornmusikklag vil det no bli roligare tider. Framover ser dei fram til dei etterkvart så tradisjonsrike opptrednane på Helselagsbasaren, 1. maikonserten og sjølvsagt 17. mai. |
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
© Stordalsportalen 2005 - 2012 Om Stordalsportalen Kontaktskjema |