Stordal Turlag

Tur 4: Vikahornet/Stamneshornet

Frå topp til topp

Vi starta frå Vikastølen og opp på Vikahornet, 637 m.o.h. Råsa er bak den siste hytta på Vikastølen(gå oppover stølen, og til venstre). Råsa er bratt, men lett å følgje, berre ein kan finne starten. Veret var flott, men det skya litt til utpå kvelden.

Frå Vikahornet bestemte vi oss for å gå om Stamnesbotn. Vi gjekk då litt nedover att, før stigninga langs elva til Stamnesvatnet og vidare til Stamneshornet, 736 m.o.h. Utsikta frå desse to fjelltoppane er flott; ein ser langt utover fjorden.

Ein del av turlaget ville fortsette til Varden/Nakken og nedatt i Stordalen, medan resten tok turen tilbake til Vikastølen.

Fakta:
Dato: onsdag 17. juni
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 19

Sjå fleire bilder i bildegalleriet