Storfjorden - båtturar, fiske og
bading. Stordalsvika er rik på fisk; bl.a. sei,
torsk, lyr, lange.
Fjordfiske/ turer på
fjorden.
Storfjorden er kjent for sitt mangfald av artar og for
å være rimelig fiskerik.
Populære fiskestader rundt Stordalen er:
-Fluda, ein undersjøisk "topp" på 50 - 60
m djupn. I farvatnet rundt og lenger inn i fjorden,
varierer djupna frå 400 til meir enn 700 m.
-Stordalsholmen, Stamneset og Holmeneset/Latøya,
fiskerikt
-områda rundt Djupdalselva og Stamneselva,
brådjupt
Med båt på fjorden kan ein besøke
fjellgårdane på bortsida av fjorden, eller
ta turen innover til Tafjord, Hellesylt og Geiranger,
eller utover mot Ålesund. Hurtigruta passerar
Stordal på veg til Geiranger i
sommarhalvåret. Det er badeplass ved hamna.
Cruise til Geiranger - mellom 1. juni og 7. august
stoppar hurtigbåten ved kaia på veg mellom
Ålesund og Geiranger. Stopp kl. 10.30 på
veg innover og kl. 16.00 på veg utover.
Ein tur på fjorden med båt kan du få
hos KS Dyrkorn, eller leige båt hos Stordal
Camping eller Stordalsferien.
Fjell - Stordal har ganske bratte og
høge fjell som kan innby til ein utfordrande
fjell-/topptur. For litt lettare turterreng, kan det
anbefalast å gå i Langseterområdet
eller på Dyrkornsetra. På andre sida av
fjorden er det mogleg å gå opp til dei
fråflytta fjellgardane på Skotet, Halsen,
Vidhammer, Korsadalen, Holmesetra eller Djupdal.
Ytste Skotet - ein gammal fjellgard
på ei hylle over fjorden. Skotet ligg på
andre sida av Storfjorden, og nåast med båt
eller ved å gå frå Sykkylven. Ytste
Skotet er ein av tre gardar på Skotet, og vart
overtatt av foreininga Storfjordens Venner i 1989. Dei
har utført eit fantastisk restaureringsarbeid,
og garden er no eit levande museum. Det er ope om
sommaren, og både fotturistar og større
grupper er velkomne. Ønsker du ei spesiell
oppleving, kan du tinge overnatting i løa eller
på stabburet.
Kyrkjehola Kulturbeite -
kulturarrangement som foregår på Stordal
Bygdetun sommarstid. Kunstutstillingar, intimkonsertar
og forelesningar.
Stordalscup (bildet) - fotballcup for
aldersbestemte klasser i juli kvart år. I tillegg
er det tivoli, bruktmarked, salgsboder, utedans og
kiosk. 25 års jubileum i 2005.
Langseterdag - arrangement på
Langsetrane i august, med mange kulturinnslag,
aktivitetar, turmarsj og ridestemne på
Trollkyrkjegarden.
Stordalshallen - allaktivitetshall
bygd på dugnad. Har idrettsarena, grendasal,
klatrevegg, skytebane, garderobeanlegg og
kjøkken. Kan nyttast til både
idrettsarrangement, dans, konsertar og private
samankomster.
Vinter i Stordal
Stordal Alpinsenter - populær
alpinbakke i eit av Sunnmøre sitt mest
snøsikre område. Preparerte løyper,
frikøyring og barnetrekk. Varmestove med
servering. Alpinsenteret skal oppgraderast med nytt
trekk og nye trasear til sesongen 2005/2006.
Stavsengfjellet Skiarena -
lysløype for tur/langrenn som er åpen
heile skisesongen. Lengde rundt løypa er omlag
2.5 km.
Fjellbakken - hoppanlegg med 5
hoppbakkar i forskjellige storleikar. Også
plassert på Stavsengfjellet.
Skiturar - på Overøye
startar dagsturen innover i fjellet. Mange stanser nok
på Langsetrane, dei 2 store seterstølane i
Langseterområdet. Her ligger det også
fleire hyttefelt.
Stordal Fjellservice køyrer opp turløyper
over store områder. Frå Overøye og
inn til grense mot Valldal, inn til
Bøstølen i Innfjorden, rundt fjellet
Kamben og tilbake til Langsetrane. Dei preparerer
også løypa over mot Kleiva, i
nærheiten til Tresfjord. Rundt fjellet
Storlihornet og tilbake til Langsetrane.
På Dyrkorn er det fint skiterreng mellom
Dyrkornsetra og Gjerdsstølen, og over mot
Grytalia og Vaksvika.
Også vinterstid er det mange som går
på "Toppane". Mange av fjelltoppane er over 1000
m, og er eit ynda turmål på ettervinteren.
Ein kan også ta skitrekket opp, og gå etter
fjella ned til sentrum i Stordal. Eller slutte av turen
ved ein av fleire skogvegane som går ned til
sentrum
Sjå også under Friluftsliv