Møbelindustrien er den største
næringa i kommunen.
Godt over 90 % av industriarbeidsplassane finn ein i
dag innan møbel.
Også jordbruket står sterkt i Stordal med
hovudvekt på mjølkeproduksjon, men
også med eit ikkje ubetydeleg innslag av
småfe. Etter måten store beiteområde
gir i det heile gode vilkår for husdyrhald.
I kommunen finn ein elles ein del mindre mekaniske-,
handverks- og snekkarverksemder, bensinstasjon, kafe,
campingplass og appartementhusvære, 2
daglegvareforretningar, rekneskapskontor,
frisørar, bank, post i butikk, sykkelforretning,
kiropraktor, aromaterapi og fysioterapeut. I kommunen
finn ein elles ein av dei største
maskinentreprenørane i regionen.