Standard objektvisning Klikk for å lage en ny tilpasset mal, Node-ID: 292, Objekt-ID: 337

Friluftsliv

Friluftsliv

Ut på tur

Stordal er eit eldorado for friluftsliv. Her er alt frå høge fjell til djupe fjordar, bratte råser(stiar) til fjellgårdar, slakkare turterreng til bortgjømde fjellvatn. Noko er godt tilrettelagt, merka ruter, kart og høve til å leige rutinerte guider. Andre stadar er det merka ruter og ingen problemer med å bruke naturen som rekreasjonsområde sjølv om du ikkje er lokalkjent.

Allidrettsgruppa i Stordal Idrettslag har satt opp kasser på ulike turmål. Sjå også Stordal Turlag sitt program for sesongen.

Det finst familievenleg terreng, spesielt i Langsæterområdet og på Dyrkornsetra. Enkel tilkomst, mykje flatt område. Langseterområdet er der store områder der barn lett kan ferdast både på fisketur eller på hyggetur i terrenget. Sau og lam går fritt ute over hele kommunen, og i Langseterområdet er der også storfe på beite i utmarka.

Her er også mange alternative ruter for dei "viderekomne" som vil ha større, eller kanskje meir ekstreme utfordringar ute i naturen. I Stordal kommune er der mange fjelltoppar over 1000 m. Mange av desse er populære turmål for dei av oss som vil ha større utfordringar å strekke seg etter, enn det vi andre legger i begrepet natur og friluftsliv.

Fjorden er fin til bading, fisking og båtturar. Stordalsvika er veldig djup, og ved Stordal Sentrum er det djupvasskai der store skip som f.eks hurtigruta kan legge til.

Friluftsliv (Foto: Ruth Janne Vinje)

Navn Klasse Seksjon
Dokument Kassejakten 2008 Tema 1
Dokument Turmål 2007 for Stordal Turlag Tema 1
Dokument Kassejakten 2007 Tema 1
Dokument Kassejakten 2006 Tema 1
Dokument Turmål 2005 Tema 1
Dokument Friluftslivets år 2005 Tema 1
Dokument Turar Tema 1

-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2025 eZ systems as