Tur 4: Rekdalshesten

På ei av dei lengste nettene i året, fredag 22. juni, inviterte Stordal Turlag til natt-/midtsommartur på Rekdalshesten. 21 personar var med, og det vart ei uforgløymeleg oppleving.

Fredags kvelden var lun og fin, og for ein nattur kunne det ikkje verte betre. Målet denne kvelden var Rekdalshesten, som kneisar 782 meter over Rekdal i Vestnes kommune. Vi starta frå Rekdalssetra, på fin rås. Omlag 1 time og 20 minutter brukte vi til toppen. Der vart vi belønna med ein vakker solnedgang, himmel i raud-oransj og eit vidt utsyn utover havet. Vi kunne sjå forbi Oterøya, ut på Aukra, Nordøyane og med god kikkert såg vi fyret på Ona. Vi pausa ei stund, åt niste og drakk kaffi, før ein litt kald trekk sendte oss vidare.

Natta var lys, og vi tok sikte på Urfjellet litt sør for Rekdalshesten. Derifrå gjekk det i fint terreng ned Langedalen langs nokre små vatn. Fiskane vaka, og myggen hadde også vakna. Vi var innom Røvarhytta, ei steinbu som vart gjenreist for nokre år sidan. Det var verkeleg eit flott arbeid som er lagt ned her. Frå Røvarhytta gjekk det bratt ned langs Tverrfossen, før vi igjen kom til Rekdalssetra.

«Vi skal ikkje sova bort sumarnatta – ho er for ljos til det» - og det gjorde vi ikkje denne natta. Etter 5 timars gange i fjella rundt Rekdal, gjorde det godt å kome heim i 4-tida. Slitne, men rike på opplevingar.

Fakta:
Dato: fredag 22. juni
Tidsbruk: ca. 5 t.
Antal deltakarar: 21

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as