Tur 1: Sukkertoppen

Onsdag 9. mai hadde turlaget sin første tur for sesongen. Målet var Sukkertoppen på Hessa i Ålesund. 9 turgåarar var med på turen. Veret var skiftande, frå ei regnbyge til flott solskin. Heldigvis mest av den sistnemnde sorten.

Vi parkerte ved skulen på Hessa, der er det eit lite stykke med veg, før vi tek inn på skogsråsa. Det har tydlegvis regna ein del meir i Ålesund enn i indre fjordstrok, så det var mykje gjørme og sleipt føre. Starten av turen har ganske lett stigning. Omlag midtveis passerar ein den store julestjerna som lyser opp desembermørkre, sponsa av klubben "Real".

Råsa vidare er prega av meir berg, og litt klyvjing må til. På toppen fekk vi eit fantastisk utsyn utover mot Godøya, Vigra, Brandal på Hareidslandet. Ser ein den andre vegen, skimtar vi Lauparen og dei andre flotte fjelltoppane innover. På varden på Sukkertoppen er der ei støypt tavle som viser dei toppane vi ser. Vi brukte vel 1 time og 20 minutter opp i behageleg tempo.

Fakta:
Dato: onsdag 9. mai
Tidsbruk: ca. 2,5 t.
Antal deltakarar: 9

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as