Tur 4: Frostadtind

Turlaget tok turen til Skodje, denne varme onsdags ettermiddag. Der skulle Frostadtind på 801 moh bestigast. 21 var med på turen, og kjekkt var det at også nokre småtauser var med.

Vi køyrde omlag ein time frå Stordal, til Skodje, mot Fylling og litt forbi Høgsætra. Grethe Høyberg var turleiar. Det var lett stigning heile vegen og råsa var lett å finne. Vi brukte omlag ein time opp.

Vi rasta på toppen ved ein stor varde. Utsikta var mot Ørskogfjellet på eine sida og mot Fiksdal/Tomrefjord på motsatt side. Skodda kom no veltande frå Romsdalsida, så vi byrja å tenkje på nedturen. Heldigvis vart den verande på den sida, og kom ikkje i vår veg. Vi tok ei anna rute nedatt, over Vardtua, langs ryggen ned til Engesetbotnen. Vi kom ned til Høgsætra, og følgde vegen tilbake til der bilane var parkert.

Ein lett og fin tur som kan anbefalast til alle.

Fakta:

Dato: onsdag 22. juni
Tidsbruk: ca. 2,5 timar
Antal deltakarar: 21

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as