Tur 14: Ringsetsætra

Seinhaustes er det heller få som går tur med Stordal Turlag, men ein trottug gjeng på 5 møtte opp. Målet var Ringsetsætra i Liabygda.

Vi køyrde opp Ringset, og gjekk derifrå på ein skogsveg. Det var litt yr, men ikkje så gale at det gjorde noko. Første delen av tureg gjekk gjennom eit saudegjerde, der vi ottast litt på verane som skulte på oss. Verane konsentrerte seg om etinga, heldigvis, og vi kunne late att grinda utan ein olm ver etter oss.

Turen opp til Ringsetsætra tok ein halv time, vi tok ein kort pause før nedturen. Litt skymt når vi kom nedatt, så denne turen hadde passeleg lengde i høve årstida.

Fakta:
Dato: onsdag 5. oktober
Tidsbruk: ca. 1 time
Antal deltakarar: 5



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as