Tur 11: Seljebotntind

Litt regn skremmer ikkje ein ekte fjellentusiast, og dette var nok mottoet til dei ni som var med Stordal Turlag søndag 11.september.

Målet for dagen var Seljebotntind, 1531 m.o.h. og det høgaste fjellet i Stordal kommune. Meterologane varsla regn, så det var ikkje sjølvsagt at turlaget kom seg heilt til topps. Seljebotntind ligg som namnet seier framst i Seljebotn, ein sidedal frå Nørdalen ved Overøye.

Turen opp gjekk først fram i botnen, opp til Uriskarbotnen. Derifrå går det strake vegen opp gjennom ur og laus stein. Eit parti må vi klyve opp, og eit tau kom godt med. Seljebotntind kneiser over oss, og vergudane slepper små regnskurar, men ikkje så mykje at vi snur.

I eit lite søkk på 1100 meters høgde, har brevatnet samla seg. Her tek vi rastepause, no treng vi litt energi til siste oppstigninga. Som høge fjell flest, er det steinen som råder. Små planter og lav finn seg sine plassar og klamrar seg fast, til forundring for oss som passerar.

Dei tre majestetiske vardane på toppen ønsker oss velkomen, og byr på ei fantastisk og luftig utsikt. Vi ser Seljebotnen, alpinløypa på Overøye. Mot Valldalsida ser vi Syltefjellet, Norddalen og Tafjorden langt der inne. Sunnmøre sin fjellverden viser seg fram. Fjelltoppar vert identifisert – der er Lauparen, Rolvsbotnskorkja, Ådalstind, Torvløysa, Ormula… og slik fortsetter det.

Turen ned vert ikkje mindre hard. Regn på mosekledde steinar gjer at ein må vokte sine steg. Det går bra, alle kjem seg heile nedatt. Litt saudesanking tek vi med på vegen. 10 «Langhaug-saudar» kjem heimatt frå sommarbeite attmed oss.

Fakta:
Dato: søndag 11. september
Tidsbruk: ca. 7,5 timar
Antal deltakarar: 9

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as