Tur 7: Muldal/Tafjordsætra

Stordal Turlag tok turen inn til Muldalsvika denne onsdagskvelden, og målet var Tafjordsætra via Muldalen. 15 personar møtte opp, og veret var lunt og fint.

Frå Muldalsvika rett før Tafjorden, går det skogsvei opp til Muldalen. Dei to bruka på Muldalen er velhaldne, og dei siste åra har det vore gjort forsøk på å drive garden på sommarstid. Opp til Muldal er det ca. 45 minuttars gange på bratt veg. Vi gjekk forbi Muldal innover dalen til Tafjordsætra. Råsa inn var lett å følgje, og det var heller ikkje så mykje stigning her.

Ei flott bru leda oss over elva, og til ei siste bratte opp til Tafjordsætra. Her låg det gamle, nedramla sel og litt nyare hytter som tydlegvis er i bruk. Bak sætra låg nokre imponerande kampesteinar som moder natur ein gong har kasta nedover frå det bratte fjellet over. Ikkje så fint var alt skrotet som nokon på to bein har kasta mellom desse steinane.

Fakta:
Dato: onsdag 11. august
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 15

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as