Tur 5: Dyrdalen

Ein fin seinsommarkveld tok 15 personar turen inn i Dyrdalen.

Det er fleire plassar ein kan starte, men vi køyrde øverst i hyttefeltet på Puskestølen, og gjekk derifrå. Første delen av råsa er litt bratt, men så flatar det ut når ein kjem opp på røra.

Derifrå er det eit godt stykke inn til Dyrdalsvatnet. Elva var ikkje så stor, og lett å krysse på steinar. Inne ved vatnet ligg ei lita hytte; den går i eitt med terrenget og er godt tilpassa snørasa som kjem frå dei stupbratte fjella. To båtar har dessverre blitt offer for snørasa, og ligg i vatnet.

Fakta:
Dato: onsdag 5. august
Tidsbruk: ca. 3 timar
Antal deltakarar: 15

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as