Tur 12: Geitebotntind

Vermeldingane var tvetydige, men det starta bra tidleg på dagen.

8 personar var klare til tur. Vi starta frå Ekre og gjekk først den bratte vegen opp til Pesætra. Vi fortsatte opp bak gardane, der følgde vi ein skogsveg innover. Vi passerte sela på Reset, og gjekk vidare innover Lisjebotnen. Råsa frå Reset inn i botnen er godt trakka og lett å følgje. Med alt regnet som hadde vore, var det veldig vått i marka, og råsa var mest som ein bekk. Vel 2,5 time brukte vi inn til Karlstad. Her er ei steinhytte som Tafjord Kraft eig, og som vart brukt når dei jobba med kraftlinjene.

Vi hadde følgje med nokre hjortejegarar, som skulle jakte i Lisjebotnen. Dessverre hadde det ikkje blitt noko hell på dei denne dagen .

Vi gjekk no oppover i retning Rødsetskaret, som går mot Valldalen. Før skaret svinga vi mot tinden. Turen opp gjekk på omlag ein og ein halv til to timar. Det var bratt, men ingen spesielt vanskelege parti. Vi gjekk gjennom mykje ur og stein. Vi hadde utsikt til Norddalsfjorden og Norddalen på tur opp.

Vel oppe på toppen på 1495 m.o.h. var ei flott utsikt, men dessverre gjorde mykje skodde at vi berre tidvis fekk sjå utover. Vi fekk likevel glimt av Geitabotnen som har gitt tinden namnet, Overøye og Norddalen. Det var også vind og antydning til snø, så opphaldet på toppen vart kort. Vi tok ei litt anna rute nedatt.

Fakta:
Dato: søndag 20. september 2009
Tidsbruk: ca. 7 timar
Antal deltakarar: 8

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as