Tur 10: Trollvasstind

Tinderangling

Vi var 15 stykkjer som gjekk innover frå Kvitlane. Veret var sånn passe, det kunne gå begge vega. Første stykke gjekk på nokolunde flatt terreng forbi Elvabyte. Det hadde regna, og var myrlendt og vått å gå. Før Litlevatnet skråa vi oppover i Ytste Brynebotnen. Den beste vegen er å gå til høgre for vatnet, men det er også mogleg å gå andre vegen. Vi tok pause før oppstigninga til tinden. Vi kunne no sjå dei to tindetoppane på Trollvasstind rage over oss. Vel to timar hadde vi brukt opp til Ytste Brynebotnen.

Vi gjekk opp eit skar og var på 995 m.o.h. Her var det tørt, men ein del ur å gå gjennom. Vi kunne sjå det enorme Stortrollvatnet nedan for oss. Vi såg også Månvatnet og ned i Måndalen. Samtidig såg vi oppover, og konstanterte at dette vert nok bratt!

No var det slutt på godveret, vi fekk litt regn og vind på den brattste oppstigninga. Og dette var skikkeleg bratt, vi måtte klatre. Tusen takk til våre to turleiarar Hildegunn og Jan som måtte fortelje oss kvar vi skulle plasssere føtene for å få feste. Alle kom seg opp(og forsåvidt nedatt) dette bratte partiet. Omlag to timar brukte vi på oppstigninga.

Ein får ein voldsom følelse av høgde på toppen av Trollvasstind, 1422 m.o.h. På baksida, mot Dyrdalssida stuper det rett ned omlag 700 meter. Og som sagt, det var bratt den sida vi kom opp også. Utsikta var fantastisk; fjell så langt ein kunne sjå. Regnet hadde gitt seg, men framleis bles det og var ganske kaldt.

Vi kom oss altså velberga nedatt også. Slitne og trøytte, men veldig stolte over å bestige ein utfordrande topp. Her har nokon av oss sprengt ei grense for kva ein kan takle.

Les også vedlagte turrapport som Leif-Erling Løvoll har skrive.

Trollvasstind - turrapport.pdf

Fakta:
Dato: søndag 6. september 2009
Tidsbruk: ca. 8 timar
Antal deltakarar: 15

Sjå fleire bilder i bildegalleriet



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as