Tur4: Ansokhornet

Midtsommartur til Ansokhornet

Etter ein dag med regn, klarna det litt opp, og folk ville ut på tur. Turen starta frå Ringset, vi køyrde bilane opp til ein parkeringsplass der råsa starta.

Det gjekk greitt å fylgje råsa fram til Ansoksetra, det var passeleg stigning. Vi brukte ca. 45 minutt, og rasta ved selet.

Turen gjekk vidare bak selet, og råsa var grei å finne fram til tregrensa. Derifrå var det berre å gå oppover. Det var meir stigning mot toppen, og vi brukte ca. 2,5 time opp. Flott utsyn mot både Norddals- og Synnylvsfjorden. To cruiseskip passerte på veg ut fjorden. Frå toppen (900 m.o.h.) kunne vi også sjå innover mot Stranda og Sunnmørsalpane.

På turen nedatt kom GPS’en til nytte. Med den kunne vi sjå kvar vi hadde gått opp, og såleis kome rett inn på råsa ned til Ansoksetra.

Fakta:
Dato: onsdag 18. juni
Tidsbruk: ca. 4 timar
Antal deltakarar: 18

Sjå fleire bilder i Bildegalleriet

Tekst og foto: Ruth Janne Vinje



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as