Tur 3: Ytste Skotet

Trass i truande regnbyger, møtte 14 stk opp på kaia på Dyrkorn.

Råsa var godt vedlikehaldt opp til Skotet, Storfjordens Venner held både gard og rås i god forfatning. Trappetrinn var mura opp av steinar der det var brattast. Litt sleipt var det, sidan det hadde kome litt regn.

Vi brukte ca 30 minutter opp. På garden Ytste Skotet møtte vi Idar Skotte, som akkurat skulle på omvisning med ei skuleklasse. Vi var så heldige å få bli med på turen. Idar tok oss med til dei tre gardane på Skotet, og til og med ei sjette klasse var musestille når han fortalde om livet på ein fjellgard.

Ein flott tur til ”ei anna verd”, og spesielt kjekt for dei som ikkje hadde vore på Skotet før.

Fakta:
Dato: onsdag 13. juni
Tidsbruk: 3 timer inkludert 1 times guiding
Antal deltakarar: 14
GPS-registrering: ok

Tekst og foto: Ruth Janne Vinje



-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as