Nedanståande har på forskjellig vis støtta Stordal Turlag direkte ved eige arbeid eller pengemidler.
Utarbeiding av database over medlemer
John Kåre Hove og Lars Jacob Hove har gratis
utarbeidd ein database over medlemene i Stordal Turlag.
Denne databasen held oversikt over medlemene, oversikt over
namn, adresser, telefonnummer, e-postadresser, betaling av
kontingent osv. Ruth Janne Vinje fører disse
oversiktene og held dataene à jour.
Utvida Infoside og Heimeside under
Stordalsportalen
Hove Vision har dekt kostnadene med å utarbeide disse
sidene som du finn under Stordalsportalen.
Støtte til innkjøp av eit
GPS-apparat
Det er søkt Stordal kommune om å dekke
kostnadene med innkjøp av eit GPS-apparat. Vi vonar
at søknaden blir imøtekomen.
Arbeidet i arbeidsutvala
Sjå under hovedmenyen "Om Stordal Turlag"og herunder
"Arbeidsutval". Medlemene i desse arbeidsutvala arbeider
gratis for Stordal Turlag. Dei er ein svært viktig
ressurs for den daglege drifta og aktivitetane i turlaget.
Stordal Turlag er svært takksam for alt ovanfor støttearbeid.
Direkte Pengegåver
Hittil har disse gitt direkte pengegåver til Stordal
Turlag:
- Westre Eiendomsselskap Kr. 5.000.-
Nye bidragsytarar vil bli føyd til her etter kvart
Vil du som les dette gi ei pengegåve til drifta og
utviklinga av Stordal Turlag, så er Stordal Turlag
sin konto: 3910.30.44999.
Samstundes som pengane blir sendt, gi ei melding til styret
ved:
Formann Stig Falling
Stordal Turlag
PB. 135
6259 Stordal
Vi seier også her på førehand takk.