Her er nokre hovedpunkt som bakgrunn for skipinga av Stordal Turlag.
Bygdeutviklingsprosjektet Øvre
Stordal
Dette prosjektet har arbeidd målretta over mange
år for å utvikle verdiane som ligg i
Øvre Stordal og Langsæterområdet.
Stordal Sogelag
Dette laget har gjennom dei siste 4 – 5 åra
dokumentert ei rekke historiske og kulturelle tema og
verdiar knytt til Øvre Stordal og
Langsæterområdet så vel som i heile
Stordal Kommune. Sogelaget har knytt gode kontakter til
grannebygdene våre også i samanheng med
fjellturar.
Landbruksorganisasjonane
Disse har engasjert seg i betydeleg grad for å rydde
gamle vegar og stier i store deler av Stordal Kommune i
samarbeid med ovanforståande. Andre lag og
organisasjoner har også teke betydeleg del i slikt
arbeid.
Samarbeidet mellom ovanståande prosjekt, lag og
organisasjoner
Det har vore eit utstrakt samarbeid som har drege i gang
prosjektet Synleg-gjering, der Stordal Sogelag står i
spissen for å lage informasjonstavler og
retningsskilt som etter kvart skal setjast opp i heile
Stordal Kommune. Sogelaget har også allereie nedlagt
eit betydeleg innleiande arbeid i å tegne turar inn
på sine digitale kart. Mange personar har delteke i
dette arbeidet.
Stordal Kommune
Etter initiativ frå Stordal Kommune har det vore
halde møter mellom mange aktørar i
Øvre Stordal og Langsæterområdet for
å kome fram til omforeinte visjonar og
målsettingar for vidareutvikling av heile dette
området. Stordal Kommune har også støtta
økonomisk mange enkelttiltak i friluftssamanheng.
Stordal Turlag
Skipinga av dette laget er ei erkjenning av behovet for
å få til meir organiserte tiltak kring det
å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg
flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og
innover mot våre grannebygder. Det å halde i
hevd kulturlandskapet, verne om og bruk av naturen,
kulturminner og miljøet er også eit fokusert
område. Det er etablert eit nært samarbeid
mellom Tur og Trimgruppa under Stordal Idrettslag og
Stordal Turlag vedkomande tilrettelegging av større
og mindre turar. Disse vil utgi ei felles brosjyre over
turar for 2007 sesongen.