Langsæterdagane
Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til
å skape ein tradisjon i bygda ved å
lage til eit årvisst arrangement på
Langsætrane. Dette var året då
Den Store Hesteferda også blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre halde eit
arrangement over ein dag på
Puskenstølen. I 2005 blei det lagt til
rette for eit arrangement over tre heile dagar,
og dette vil truleg bli strukturen i
Langsæterdagane som ein årviss
tradisjon vidare.
I det etterfølgende kan du lese om
innhaldet av dei tre Langsæterdagane i
2005. Planlegginga av Langsæterdagane i
2006 er no sett i gang, og ein legg opp til
omfattande og interessante dagar i
Langsæterområdet hausten 2006.