Det finst ein idrett for kvar smak.
Stordal Idrottslag femner om alpint, langrenn, hopp,
fotball, volleyball, handball, barneidrett, tur og
trim. Fjellservice trakker skiløyper i
Langsæterområdet, og tar på seg
frakteoppdrag på snøscooteren. Det
siste som har komt til, er eit treningsstudio som har
plass til 20 stykker samtidig, og har apparater som
trener det meste av kroppen.
Uavhengige grupper er trampolinegruppa, klatregruppa og
golfgruppa.
Annlegg for idrett:
Stordal Alpinsenter på Overøye - trasear
og offpist
Fjellbakken på Stavsengfjellet - hoppbakker
Stavsengfjellet Skiarena - lysløype
Langsæterområdet - oppkøyrte
skiløyper om vinteren, turterreng om
sommaren
Kirkebø Stadion - fotball-/idrettsarena
Stordalshallen - idrettshall