Stordal Turlag skal vere aktivt i å kartlegge og beskrive fjellturar med ulike vanskegrader i Stordalsfjella og mot nabobygdene, stimulere til allsidig friluftsliv og arrangere turar i Stordalsfjella og til våre grannebygder.
Laget skal leiast ev eit styre på 3 medlemer, med 2 varamenn, som vert valde for 2 år i gongen. Eit styremedlem skal stå på val etter eitt år, og sidan vert det alternerande to-års periodar. Leiaren skal veljast på årsmøtet kvart år.
Som medlem kan vere enkeltpersonar eller familier med ein oppgitt hovedperson. Også utanbygds personar kan vere medlemer. Medlemene i laget har første-rett til å delta på turer og arrangement som laget står for.
Kontingenten skal betalast for eitt år i gongen, og vere lik for begge framanfor-ståande medlemstyper. For året 2007 er kontingenten Kr. 100.-
Det var stor iver då gullgravarane virkeleg fann gull
på Kvitalnedagen nede ved elva 1. september
2006.
Bildet er teke av John Kristian Hjelle.