Det som dei forskjellige sagaene fortel om, blei
først nedtegna av sagaskrivarane på
1200-talet. Fram til då hadde disse hendingane
gått på folkemunne frå slektledd til
slektledd. Det vi veit om Vikingetida og tida etter
den, er kome fram på denne måten.
Frå 1200-talet voks det frå kongemakt og
kirkemakt fram eit meir organisert samfunn med
stormannsætter, landmenn, lokalhøvdingar,
kongeombud, presteskap og bispedømer. Etter som
skrivekunsten blei meir utbredt samtidig med at det
offentlege systemet voks fram, blei det stadig meir
skriftleg materiale. Dette i form av samtidssagaer,
lovtekster, litteratur og andre nedtegnelser.
Tida frå Vikingetida og etter var ei stor
ekspansjonstid. Det var vekst i folketal og busetting
over heile landet, på Sunnmøre og i
Stordal.
Perioden fram til 1500 - 1600 talet er likevel etter
måten fattig på det vi i dag ville kalle
nedtegnelser og statistikk av ulikt slag. Dette skyldes
fleire ting, blant anna brann av kildemateriala.
Ein kan imidlertid slå fast at kirkene voks i
antall og makt utover fra 1100- til 1200-talet og blei
etterkvart eigar av ei mengd gardar. Bøndene
blei leiglendingar under kirkegods og høvding-
og stormannsættene. Dette var ei direkte og
indirekte fylgd av kristninga av Norge. Stordal fekk
eiga kirke på 1100-talet. Erkebiskopen i Nidaros
eigde fleire gardar i Stordal, likeeins lokalkirkegodsa
og det dominerande Giske-godset.