Pedroprisen til Båteigarlaget

Pedroprisen 2006 gjekk til Stordal Båteigarlag.

Det var under årsfesten 18. mars at Båteigarlaget fekk utdelt Pedroprisen, ein optimist-pris. Dei fekk den med grunngjevinga: "...for ein kjempeflott dugnadsinnsats ved utvikling av Stordalshamna til å bli ei perle langs Storfjorden". Prisen var på 10 000 kr, og leiar Bjørn Johnny Græsmo mottok den frå Vigdis Hove Øie i Pedro Eiendom.


-- Printa ut frå Stordal Turlag si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2025 eZ systems as