Ole Elias-plassen på Talberg

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 17.02.2006

Ole Elias Talberg vart fødd på Gjerdsplassen på Dyrkorn i 1834. 23 år gammal gifte han seg med Sigrid Rasmusdotter Lien frå garden Lien på Dyrkorn. Han reiste altså ikkje langt for å finne seg kone. Ole Elias og Sigrid budde ei tid på heimegarden hennar, men i 1865 finn vi dei på Rødset i Brusdalen. Folketeljinga i 1875 fortel oss at då var dei komne til Talberg og budde på Talbergplassen, eller Ole Elias-plassen som denne husmannsplassen også vart kalla. Der budde dei resten av livet. Jørgen Pedersen Talberg, som var eigar av Framigard på Talberg i 1875, og Sigrid var litt i slekt, og kanskje var det grunnen til at dei slo seg ned akkurat her.

Ole Elias vart kjend fordi han var flink å til å syngje. Han kunne ei mengde stev, lokkar, bånsullar, kjærleiksviser og religiøse viser. Catharinus Elling var på vitjing hos Ole Elias minst to gonger tidleg på 1900-talet. Denne samlaren av tekstar og melodiar fekk med seg mykje av verdi til samlinga si frå Ole Elias-plassen, som ein elles ikkje nett kan forbinde med materiell rikdom og velstand.

Bildet viser garden Talberg, og det er sett eit kryss om lag der Ole Elias-plassen låg. Jordstykket frå plassen og nedover til vegen vart kall Ole Elias-bøen. Etter at Ole Elias og Sigrid var døde, vart stova deira flytta til Nygarden på Stavdal der ho står den dag i dag. I høgre bildekant er det felt inn eit bilde av denne stova. I venstre bildekant er det felt inn eit bilde av Ole Elias. Dette bildet er henta frå boka "Stordal i tekst og toner" av Peter Jøsvold, og det er kanskje det einaste bilde som enno finst av han.

Sigrid og Ole Elias hadde mange born, og det finst i dag etterkomarar etter dei mange stader her til lands og i USA. Sigrid døydde i 1902, og Ole Elias omkom i ei arbeidsulukke i skogen i Liabygda i 1906. Då Catharinus Elling fekk vite at Ole Elias var død, skreiv han minneord etter han, der det mellom anna står: "I alle de aar, jeg har reist omkring, har jeg ingensteds stødt paa en sådan samling musikalske mennesker som netop i Stordalen, og blant disse indtog Ole Elias en fremskudt plads."

Ole Elias-plassen er også omtalt i "Gard og ætt" side 340 og i "Lokalhistorie - Stordal, Sunnmøre" av Peter Jøsvold side 112.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as