Nystova i Langhaug

Skrive av: Kristian Almås 2. februar 2006
Innlagt den 02.02.2006

Mons Severin Olsen Øvrebust vart fødd i Pe-garden på Øvrebust, men han levde seinare som ungkar på Vinje. Han budde i ei stove som stod på sørsida av vegen ved Sjøabrauta omtrent der huset til Kaspar Vad no står. Mons var skreddar og fjordfiskar, og i folketeljinga i år1900 blir han også nemnd som klokkemakar.

Stova hans vart kalla Mons-stova. Mons døydde i 1903, og stova hans vart seinare flytt til Langhaug. Det var nok ikkje tilfeldig. Brukaren i Langhaug på den tida heitte Karl Tobiasen Langhaug. Far til Karl heitte altså Tobias, og Tobias og Mons var søskenborn.

På bildet ser vi tydeleg Mons-stova eller Nystova som ho vart kalla etter at ho vart bygd opp att i Langhaug.

Kvinnene er frå venstre Sofie Langhaug og Olave Langhaug f. Flåen. Olave kom frå Vikja på Dyrkorn og vart gift med Tobias. Sofie var dottera deira. Olave levde fram til 1926, og bildet kan vere tatt omkring 1915.

Mons-stova er også omtalt i Stordal Sogelag sitt temahefte "Klyngetun på Vinje" og i "Gard og Ætt" side 161.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as