Almåsplassen på Almås

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 27.02.2006

Knut Andreas Karlsen Flåen vart fødd i Vikja på Dyrkorn i 1841. I 1872 gifte han seg med Karen Almås som var fødd og oppvaksen på Almåsplassen i Stordal. Knut og Karen budde på denne husmannsplassen i over 40 år, og Knut tok etternamnet Almås.

Knut hadde mange søsken, og tre av dei var Olave, Susanna og Lovise. Susanna gifte seg også i 1872 med Ole Petersen Nakken, og ho flytte til Nakken. Olave gifte seg med Tobias Carolusen Langhaug allereie i 1860, slik at ho budde der. Til slutt finn vi Lovise som tenestjente i Langhaug i folketeljinga av 1875. På den måten budde det altså 4 søsken i same grannelag langt til dals i Stordal, og dei kom altså frå Vikja på Dyrkorn. Desse søskena gjorde sikkert ein stor arbeidsinnsats kvar på sin måte, og dei var sikkert med på å forme det noko avstengde grendesamfunnet som dei flytta til.

Plasse-Knut må ha vore ein mann med godt humør, god til å fortelje historier og slagferdig. Enno lever nokre av replikkane hans: Han og Kristoffer Almås brukte å ta ein fisketur til Storvatnet kvar haust. Då dei nettopp var heimkomne etter ein slik tur, sa Knut: "Ja, viss øss live te næste haust - so øss gjer no vel -, så ska øss innjatt på vatna." Ein annan gong vert det fortalt at Knut og Karen var på utmarksslått, og at det då var svært varmt. Etterpå fortalde Knut om dette og sa: "Det va so fjølt du, at det purla i brynestøkkja."

Ein av sønene til Knut og Karen heitte Martin. Han flytta nedover og budde ei tid i kjellaren i Sakrisgarden på Hove, og han hjelpte då foreldra sine slik at dei også flytta frå Almåsplassen omkring 1915. Då Martin bygde hus og fjøs på Hove om lag fem år seinare, brukte dei truleg materialar frå husa på Almåsplassen. Eigedommen der heiter Solheim, og Elise Almås bur der no. Murane etter våningshus og fjøs er godt synlege på Almås i dag.

Knut døydde i 1916, og bildet av Karen og Knut, må såleis vere gammalt. Under presentasjon av "Nystova i Langhaug" er Olave ei av kvinnene på bildet. Ho var altså søstera til Knut. Almåsplassen er elles omtalt i "Gard og ætt" side 307.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as