Jordbruket står sterkt i
Stordal med hovudvekt på mjølkeproduksjon, men
også med eit ikkje ubetydeleg innslag av småfe.
Etter måten store beiteområde gir i det heile
gode vilkår for husdyrhald.
ER LANDBRUKET I STORDAL VIKTIGARE ENN DU
TRUR.
Kan du tenkje deg korleis det ville vere å kome til
Stordal landevegen eller frå sjøen utan dei
grøne lungene med landbruk?
VI FÅR NORGE TIL Å GRO,
men samstundes er landbruket den einaste aktøren som
hindrar at Norge gror att.
Landbruket sørger for trygg matproduksjon og gode
opplevelsar for befolkningen over heile landet - gjennom
bevisst utnytting av naturressursane, i tråd med
naturgjevne og etiske føresetnadar.
Ved hjelp av eigen næringsutvikling og aktivt samspel
med andre næringar bidreg landbruket til å
sikre buseting og sysselsetting i distrikta.
BØNDENE KAN LOVE DEG AT VI
VIL:
- Gje gode og mangfaldige matopplevingar.
- Skape grobotn for levedyktige lokalsamfunn
- Gjere landet vakkert
- Kontinuerlig fornye verdiskapinga frå garden.
BØNDENE I STORDAL PRODUSERER MAT NOK TIL
HEILE BEFOLKINGA I KOMMUNEN.
Kvar bonde skapar 1 til 2 arbeidsplassar i
tilstøytande og andre næringar.
I 2004 var det 30 gardsbruk i drift i Stordal kommune, og
eit gjennomsnittareal på 139 dekar.
Det er stor verdiskaping i Stordals landbruket med
utgangspunkt i råvarer.
11 mjelkebruk produserte 931.000 liter
mjelk.
Dette tilsvarar årsforbruket av drikkevarer, ost og
andre meieriprodukt til vel 3.100 personar.
Det vart produsert 66.000 kg kjøtt i
Stordal.
Dette tilsvarar årsforbruket av kjøtt til
heile 1.100 personar, det er fleire enn her er innbyggarar
i kommuna vår.
Jordbær levert frå Stordal til grossist
var i 2004 heile 19.800 kg.
Et kvar Stordaling meir enn 19 kg. kvar?
Det var produsert om lag 12.600 kg kålrot for
salg.
Omsettingsverdien av dei tradisjonelle
jordbruksprodukta i Stordal er om lag 8 mill.
Synes du at dei grøne areala i landskapet er
vakkert?
Det vert dyrka og holdt i hevd vel 4.000 dekar
jordbruksareal i Stordal.
Landbruket disponerar på denne måten over 16 %
av kommuna sitt landareal (dyrkamarka) til
produksjonsareal, og er ein betydeleg verdiskapar i form av
mat, tømmer, kulturlandskap og rekreasjon.
Vidare er det om lag 37.000 dekar produktivt
skogbruksareal. Her vert det produsert tømmer til
trelast, papir og ved. I tillegg er skogen
rekreasjonsområde for befolkningen i Stordal og
levestad for eit stort antal viltartar, som overvintrar i
Stordal-skogane.
Fleire gardbrukarar i kommunen har satsa på
vidareforedling og salg av gardsmat.
Og i Stordal er der også fleire bedrifter og
maskinfirma innan landbruket.
I tillegg til tradisjonelt jordbruk har landbruket fleire
bein å stå på i Stordal.
Tilleggsnæringar som er knytt opp
til ressursane på landbrukseigedomane og den gryande
interessa for utmarksnæring, er aukande.
Laksefiske/lakseturisme aukar sterkt.
Hjortejakt og småviltjakt har ei klar auke i antall
personar som utøvar denne form for rekreasjon. Dette
er med og støttar inntektgrunnlaget for landbruket i
Stordal.
Overnatting og servise knytta til
utmarksnæringar er også sterkt veksande.
Berekna/stipulert omsetning av jakt og fiske ligg på
om lag Kr. 600.000.-. Her er ikkje kjøttverdien
medrekna. Overnatting, mat og servise relatert til
omsetning av jakt og fiske er om lag på Kr.
200-250.000.-. Utmarksnæringa venter ei rimeleg stor
vekst dei neste åra.
Det er få som driver skogbruk på heiltid, men
mange på deltid.
Uttak av tømmer, produksjon av ved
for salg utgjer hovedtyngda av arbeidstimane i skogbruket.
Det er liten nyplanting av gran, med bakgrunn i den store
hjortestammen.
Her er 2 store juletreplantasjer på
tilsaman om lag 110 da. og til no er det utplanta ca.
60.000 gran. I hovudsak forskjellige edelgran, men
også ein god del vanlig gran.
Mange hyttefelt er planlagt og delvis
under utbygging. Salget av tomter er aukande i heile
kommuna.
Dei forskjellige nærings/grunneigar organisasjonane
har gått saman og danna eit samarbeidsorgan; Stordal
Landbruksråd. Dette rådet består av
leiarane for 5 org.
Landbruksrådet sitt formål er
å vere høyringsorgan i plansaker og andre
saker som er av overordna betydning for
landbruksnæringa i Stordal. Rådet skal arbeide
for ei vidareutvikling av det tradisjonelle landbruket og
utvikling av nye næringar tilknytt landbrukseigedomar
i kommunen.
Det er mange nye tilleggsnæringar
relatert til landbruket i Stordal.
Gardsmat, lefseproduksjon, Tradisjonsmat og matservering,
naturbasert reiseliv med overnatting. Hage/anleggs gartnar,
sal av ved, sal av emner til tredreiing/suvenirer.