Registrerar turar

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 07.07.2007

Stordal Sogelag og prosjektet Øvre Stordal har ei god stund arbeidd med å skrive ned / teikne inn for hand ei mengd med turar i Stordalsfjella. No vender dei seg i fellesskap til alle turgåarar i Stordal og spør om dei kan ta med seg GPS-apparat når dei går ein tur, slik at turen kan verte registrert.

I arbeidet med å skrive ned / teikne inn turane for hand har det delteke 15 - 20 personar frå Stordal, i tillegg til at ein òg samarbeider med turlag og andre i nabobygdene.
Ein treng berre eit par minutt for å lære seg å bruke GPS-apparatet til å registrere ein tur. Stort sett er det berre å slå det på og putte det i ei lomme i tursekken når ein byrjar turen. Etter turen slår ein det av og leverer det attende til den som leverte det ut - eller nokon av dei andre nemnt nedanfor. Stordal Sogelag og Stordal Turlag har kvar sitt GPS-apparat. For å låne eit og ta med seg på neste tur kan ein kontakte Einar J. Hove, John Kristian Hjelle, Jan Helland, Hildegunn Langhaug Berli eller Stig Falling. Ein vil då òg få kort opplæring i korleis det skal nyttast. Alle turgåarar vert oppmoda om å vere med og kartlegge vårt fine turterreng!

Botnastoelen


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as