Stordal stilte opp med to doningar under det uhøgtidlege NM i Møbelaking på Stranda laurdag 25. mars.
Sofaklassa:
"Glam Feber" hadde henta inspirasjonen sin frå Grand Prix og WigWam, og her var det svarte neglar og svarte munnar kombinert med glitter og faks. Farta var høg, og det resulterte i ny bestetid. Dessverre hadde fjorårsvinnaren Ekornes nokre sekunder bedre tid, og Stordal Møbler kom på ein god 2. plass.
"Glam Feber" vart heidra med kreativitetsprisen, og denne var like gjev som om dei hadde vunne.
Stolklassa:
Dagen vart avslutta med "after-møbel" på Stranda Hotell.
Stordal Møbler vil med dette oppmode dei andre møbelfabrikkane i Stordal til å delta til neste år. Det trengst fleire deltakarar frå den "rette" sida av fjorden!
Les meir om Stordal sin deltakelse på www.stordal.com
Les meir og sjå fleire bilder frå NM i Møbelaking på www.mobelaking.no
Fotos: Freddy Hanssen, Stordal Møbler AS
-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no
--