John Peder Hove æresmedlem i Båteigarlaget

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 30.03.2008

Det er mange dugnadssjeler her i Stordal, men nokre gjer ein innsats utover det vanlege. Ekstra kjekt er det når denne personen får utmerkingar.

John Peder Hove fekk den velfortente utmerkinga på årsmøtet til Stordal Båteigarlag fredag 28. mars. I grunngjevinga til styret heiter det:

"Han har gjort ein kjempejobb sidan laget vart starta 27. mai 1986. I 22 år har han vore med i valgkomiteen, hamnestyre, hamnesjef, i styret som formann og nestformann, og vi håper han fortsetter i mange år enda.

Men det er ikkje berre for desse fine ”titlane og verva” han får diplom.

Det er enkelt å kome inn og site i styre og stell og vere på dugnadsarbeid av og til, og så verte ferdig med det. Det som er det store arbeidet er den daglige drifta av laget. Passe på at alt er i orden – reparere det som trengs – skru på og av vatn – straum - ta seg av kundane på gjestebrygga – vaske hus og ikkje minst - Ta ansvar for laget.

Her er kanskje mange som har gjort ein god jobb i laget som burde ha vore æresmedlemmar, men vi er overbevist om at ikkje nokon har gjort så mykje for laget som John."

Stordalsportalen gratulerer John med den velfortente utmerkinga.

Les meir om Båteigarlaget og Æresmedlemmen på heimesidene.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as