Grasrotandelen - støtt ditt lokale lag når du tippar

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 04.03.2009

Fleire organisasjonar i Stordal er no registrert i ordninga Grasrotandelen.

E-postar med oppmoding om å støtte lokale lag og organisasjonar, er no i omløp. I Stordal kan du t.d. støtte Idrettslaget eller Skulekorpset på denne måten.

I e-posten står følgande:
- Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velge eitt lag eller ei forening som du ønskjer å støtte - din Grasrotmottakar.

Vi oppfordrar deg til å ta i bruk ordninga allereie i dag, og du gjer det på ein av følgjande måtar:

1. Hos Kommisjonær: Ta med deg strekkoden og spelarkortet ditt til ein av Norsk Tippings mange kommisjonærer.
2. SMS: GRASROTANDELEN <organisjasjonsnummer til laget> til 2020 (tjenesten er gratis).
3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no.
4. Norsk Tipping Mobilspill.

Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følgje med på kor mykje Grasrotandelen genererar for dei enkelte Grasrotmottakarane.

Takk for at du støtter oss via Grasrotandelen!


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as