Flinke og musikalske born

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 10.06.2007

Mange flinke og musikalske born frå Musikkskulen, fekk vise kva dei hadde lært i løpet av året.

Rektor Bjørnar Midtbust ønskte velkomen og leia konserten. Det er heile 25 born som har vore elevar i musikkskulen dette året, og nesten alle fekk framføre eit eller fleire nummer. Nokre av borna spelar også fleire instrument.

Vi fekk høyre dei dyktige pianoelevane til Inna Krinicha, nokre spelte aleine, eller to saman, og andre spelte firhendig med læraren sin. Aspirantane til Skulekorpset imponerte på bl.a. bariton, kornett, klarinett og saksofon. Klarinettgruppa hadde endatil cowboydans på programmet sitt. Nokre få har fiolin til instrument, og desse reiser utover til byen på øving.

Mykje fin musisering denne kvelden, og det lover godt for rekrutteringa til musikklivet i bygda.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as