Ein uforgløymeleg kveld med Ole Paus

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 24.06.2007

Ole Paus er ein kjent satiriker/låtskriver, og ein kveld i Rosekyrkja saman med han var ei oppleving av dei sjeldne.

Eva Hove frå Kyrkjehola Kulturbeite ønskte publikum velkomne, med spørsmål om nokon hadde vore på konsert med Paus før. Ho spurde også om nokon kunne noko av det Paus hadde skreve, og nede frå salen vart det røysta i med ei Ole Paus vise. Inn kjem så ein noko overraska Ole Paus, imponert over velkomsten frå songaren, som var Bjørnar Midtbust.

Men så tok Ole Paus over showet. Ei forunderleg blanding av satire, sjølvopplevde episodar og mang ei underleg fundering over livet. Ole Paus song om ”Tusjen og Porsjen”, ”Nå kommer jeg og tar deg” og ”Ikke gjør som mora di sier”. Ei fin blanding av det han har komponert sjølv, og litt som andre har skrive. Han har spurt Leonhard Cohnen om å få oversette ”Hallelujah” til norsk, og det fekk han lov til. Framføringa var ganske ulik den noko kommersialiserte versjonen vi er vand med.

”Musikkbransjens versting”, som han kalte seg for omlag 30 år sidan, viste også ei mjukare side, der han song salmar. Ekstranummeret var ein vâr og hes ”O bli hos meg” og dette var den tonen som ein nynna på veg heim. For som Paus sa; ein av dei sterkaste tekstane som finst, og – kan vi tilføye – med ei unik framføring.

Ole Paus


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as