Akupunkturtilbod i Stordal

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 19.05.2007

Det har no kome enno eit tilbod innan helse. Byung Hwan tilbyr akupunktur og andre tradisjonelle kinesiske behandlingsmetodar.

Byung Hwan har budd fleire år i Stordal med familien sin, og tek no steget til å starte sin eigen praksis. Han har utdanning innan tradisjonell kinesisk medisin. Her kan folk få behandling med metodane akupunktur, moxa(varmebehandling), kopping(koppar med vakum) eller kinesisk massasje. Lidelsar som kan behandlast er m.a. hovudverk, migrene, astma, fibromyalgi og bihuler.

Kinesisk Akupunktursenter Stordal held til i dei gamle lokala til legekontoret på Stordalstunet, og vil ha ope alle kvardagar kl. 09 - 18.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as