FRILUFTSLIVETS ÅR 2005
"Turkonkurransen 2005"
STORDAL KOMMUNE
DEFINERTE TURMÅL TIL KONKURRANSEN I REGI AV MØRE OG ROMSDAL FYLKE
|
Plassering av turkasse m/bok |
Turmål |
1 |
Mo bedehus |
Stordal skule - Mo bedehus - Stordal skule, evt. motsett veg (sykkel) Langs Stordalselva (evt langs riksvegen) til fots. ca. 4 km kvar veg |
2 |
Kvammen bru |
Langs tursti ved Stordalselva (lengd på turen varierer etter kvar startpunkt er) Barnevennleg og tilgjengeleg for rørslehemma. |
3 |
Storvasshytta |
Frå Langsætrane vert dette ca..7,5 km kvar veg (også aktuell frå Valldal og Innfjorden) |
4 |
Trollkyrkjegarden (kassa festast på brua i Elvabytet) |
Frå Langsætrane vert dette ca. 4 km kvar veg (kan også vere aktuelt frå Valldal og Innfjorden) |
5 |
Mosætra (kassa festast til løvegg) |
Frå Mo vert dette ca 1,5 km kvar veg (bratt oppstiging, berekna tidsbruk opp til sætra, ca. 1 time) |
6 |
Langsætrane (kassa festast ved Puskebrua) |
Rundtur mellom stølane Kvitlen og Pusken, som utgjer ca. 3 km. Turen kan også leggjast opp slik at ein set frå seg bilen på Overøye og går til Langsætrane og attende, som då vert ca. 4 km. Barnevennleg og tilgjengeleg for rørslehemma. |
7 |
Andershaugen barnehage (kassa festast ved inngongsporten) |
Ulike tursløyfer på om lag 1 km i området rundt Andershaugen barnehage. (terreng og/eller gangsti) For andre, som vel å gå tur i dette området kan denne turkassa også nyttast. Barnevennleg |
8 |
Midtbustsætra (kassa festast på selet) |
Frå Midtbust vert dette 1,5 km (bratt oppstiging, berekna tidsbruk ca 1 time) |
9 |
Langs turvegen mellom Dyrkorn og Kokarsteinen |
Frå Stordal til Kokarsteinen er det ca. 7 km. Frå Dyrkorn til Kokarsteinen er det ca. 2 km. Spesielt strekninga Dyrkorn-Kokarsteinen er barnevennleg og tilgjengeleg for rørslehemma. |
10 |
Grigås Natursti (kassa festast til skilt langs stien) |
Sjølve naturstien er på to "etappar" på ca. 1 km kvar, men også her kan turen ytterlegare utvidast etter ønskje og føresetnader. |
Årets turkommune |