Rettleiing til våre besøkande

Vi gir her ei lita rettleiing i korleis ein kan navigere og bruke Stordalsportalen

Gjer deg først kjent med Stordalsportalen ved å gå til fanene på toppen av denne sida. Ved underpunkta ligg mykje informasjon, meir kjem til. AKTØRANE. Ved å gå til underpunkta under Næringsliv og Fritid/Kultur finn du oversikt over aktørane, d.v.s. bedrifter, lag og organisasjonar i Stordal. Nokre av desse aktørane har valt å presentere seg litt grundigare. Desse aktørane er merka med utheva skrift. LINK TIL HEIMESIDER. Nokre aktørar har eigne heimesider. Link til deira eigne heimesider blir gitt frå dei aktørane som er merka med utheva skrift.

HEIMESIDER UNDER STORDALSPORTALEN SITT SYSTEM. Det er ein stor fordel å ha heimesider som ligg under Stordalsportalen sitt system. Her vil etter kvart kome mange slike. Klikk på HEIMESIDER i menyen oppe til venstre. Vi har valt ut nokre TEMA og SNARVEGAR til viktig informasjon. SIST ENDRA menyen til venstre er svært viktig for å halde seg oppdatert. Her blir det vist det som sist har kome til - same kvar det står i portalen. Det aller siste står øverst.

VIKTIG MELDING i feltet til venstre nedanfor. Meldingar eller tema som vi vil gjere deg spesielt merksam på. KONTAKT / RESPONS under dette att. Dette er ei oversikt over måtar å kontakte Stordalsportalen på. Gjer deg kjent med desse måtane. SPØRJEUNDERSØKINGAR. I feltet nedanfor til høgre inviterer vi deg til å delta i ulike spørjeundersøkingar. Gi til kjenne dine synspunkt ved å stemme.
Vi synes det ville vere fint om du skriv i GJESTEBOKA vår og deltek i WEBLOGGEN. Sjå i menyen til venstre. Du kan heilt nede til venstre velje STORDALSPORTALEN som di STARTSIDE.




-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as