Maria Holand Tøsse gjekk vidare i Idolkonkurransen på TV2 onsdag. Med flott framføring av "You got a friend" sjarmerte ho både dommarane og sjåarane.
Stordalingane bruker biblioteket som aldri før, og spesielt barnebøker og cd'ar trekker utlånsprosenten opp. Stordal Bibliotek hadde i 2005 8,81 utlån per innbyggjar, som er på topp i Møre og Romsdal.
Sonerennet "LangrennsCross" gjekk av stabelen laurdag 14. januar.
Langrennscross har artige meistringsøvingar som ein del av løypa. I traseen var det satt opp element som slalåm, kulekøyring, hopp, rundkøyring, tunnel og 50 meter baklengs gange mot mål.
For løparane i alle aldrar vart dette både utfordrande og spanande!
Tonika skal ha konsert den 3. februar og har i det høvet bruk for fleire songarar!
Årets første Stordals-cup i Langrenn gjekk
av stabelen på Stavsengfjellet i går, med
mange deltakarar.
Resultatlistene viser at deltakarane er frå 7
år og yngre og til og med senior, så dette er
noko som fengjer i alle aldrar!
Pomatrekket og det nye familietrekket er no i full drift i Overøye. Saman med dei andre utbetringane vil dette gi eit langt betre tilbod både for vanleg slalåmkøyring og for laussnøkøyring. Men tilbodet har blitt langt betre også for vanlege turgåarar.
Rett før jul presenterte Stordal Kommune si nye heimeside.
Med stort oppmøte i Stordalshallen, blei Stordal overrekt premie for årets beste turkommune.
Kulturprisen gjekk i år til to aktive damer som har gjordt ein fantastisk innsats for barn og unge gjennom mange år; Marna Overøye og Kirsti Almås.
Om Stordal |