Aktivitetar innan sport og idrett
Det finst ein idrett for kvar smak.
Stordal Idrottslag femner om alpint, langrenn, hopp,
fotball, volleyball, handball, barneidrett, tur og trim.
Fjellservice trakker skiløyper i
Langsæterområdet, og tar på seg
frakteoppdrag på snøscooteren. Det siste
som har komt til, er eit treningsstudio som har plass til
20 stykker samtidig, og har apparater som trener det meste
av kroppen.
Uavhengige grupper er trampolinegruppa, klatregruppa og
golfgruppa.
Annlegg for idrett:
Stordal Alpinsenter på Overøye - trasear og
offpist
Fjellbakken på Stavsengfjellet - hoppbakker
Stavsengfjellet Skiarena - lysløype
Langsæterområdet - oppkøyrte
skiløyper om vinteren, turterreng om sommaren
Kirkebø Stadion - fotball-/idrettsarena
Stordalshallen - idrettshall