Brann på Sæter Mek

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 03.06.2007

Laurdag kveld brann det i gamle Sæter Mekaniske, men heldigvis vart det ikkje alvorleg.

Det var klokka 21.00 at forbipasserande oppdaga røyk frå den gamle verkstaden. Verkstaden blir no brukt mest til lager av ein av møbelfabrikkane. Mykje svart røyk velta ut, og det viste seg at det var sjølvantenning i ein kontainer med gamle lakkrestar. Brannvesenet fekk kontaineren ut, og brannen kom raskt under kontroll.

Brannvesenet i Stordal


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as