Strålande 17. maifeiring

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 19.05.2007

Etter dagar med kaldt og surt ver, skein det virkeleg opp på sjølvaste nasjonaldagen.

Den tradisjonelle salutten innleia 17. maitoget. Vi fekk i år berre to saluttar, men innleia likevel med fedrelandssongen, før toget starta opp. Skulekorpset og Hornmusikken hadde også i år slått seg saman til eitt korps, og marsjerte taktfast opp bygda. Det var stopp på Stordalstunet, med nasjonalsongar frå korpsa og Tonika.

Ved Rosekyrkja

Framme ved Rosekyrkja, ønskte leiaren i 17. maikomiteen, Harry Tøsse, velkomen. Det er i år Øvrebustgrenda som er ansvarleg for 17. maiarrangementet. Det var meir song og musikk, før hovudtalaren kom fram til mikrofonen. Det er alltid knytt stor spaning til kven som skal tale.

Talar for dagen viste seg å vere snart 18 år gamle Lene Busengdal. Sikkert og klart held ho ein flott tale som appelerte til både nasjonalkjensla og ”Stordalskjensla”. Eit verkeleg godt val, framfor å få inn utabygdarar.

Nils Beite forretta ved Gudstenesta i Rosekyrkja. Han hadde på den kvite stolaen, sidan det forutan nasjonaldag, også er Kristi Himmelfartsdag. Kvitt er fargen for Kristi Himmelfartsdag, grønt er for nasjonaldagen. Dessverre var det ikkje altfor mange som tok turen til kyrkja denne dagen.

Dyrkorn

Dyrkorn har si eiga feiring. Hornmusikken stilte i toget, som gjekk frå Gamleskulen til litt ned i bygda. Feiringa fortsatte på gamleskulen, med servering av middag og kaker.

Stordalshallen

I Stordalshallen var det mykje folk. Det var opptreden av 1. – 4. klasse, som song No livnar det i lundar og Stordalssongen. Forutan eit godt tilbod av kaker, var det aktivitetar for borna, skytekonkurranse og tippekonkurranse.

Kulturkvelden var siste arrangement på nasjonaldagen, med opptreden av ymse lokale band og artistar. Ungdomsklubben var arrangør.

17. maitoget

Talar Lene Busengdal

Song ved 1.-4. klasse

 


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as