Konsert med Julestemning

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 17.12.2006

Musikklivet i Stordal viste seg frå si mangfoldige side under Adventskonserten søndag ettermiddag.

Skulekorpset opna konserten med ”Deilig er den himmel blå”. Først vart og forsiktig fløyte- og klarinettspel, før Jeanett vekte oss med ein kraftig trommesolo. Så fekk vi høyre ein vakker og stemingsfull versjon av ”Mitt hjerte alltid vanker” med Joon på klarinettsolo.

Roger Lillebø var konfransier og ønskte oss alle velkomne.

Stordal Barnekor sjarmerte oss alle i senk med sine julesongar. Frå ”Josef og Maria” til ”Det lyser i stille grender” der mange av barna sang solo. Ursula Vos gleda oss med sin vakre sopranstemme og framførte ”Marias sønn”. Kristofer Olai Stavseng spelte Sonate nr. 1 for cello av J.S. Bach.

Stordalskvartetten er også i år fem stykker, og sang ”Høyr Guds englar kved i kor”. I songen ”Se så fin!” hadde dei fått forsterkningar frå Barnekoret. Julie Olsen Almås og Mathilde Øvrebust sine lyse stemmar i flott kontrast til dei djupe mannsstemmane.

Tilhøyrarane fekk også prøve sangstemma i eit par julesongar, og Nils Beite held andakt. Larissa Mikkelsen spelte ein fin variasjon av ”Stille natt, hellige natt” på orgel.

Tonika hadde fått med seg høgtidlege trompetfanfarer i sin julesang ”Hosianna”. I tillegg akkompagnerte Larissa Mikkelsen på orgel. Tilhøyrarane kom riktig i julestemning når vi fekk høyre ”Eg synger julekvad” og ”Å, du salige”.

Kristina Malene Stavseng og Inna Krinica på fiolin og piano, framførte veldig vakkert 3. sats av Fiolinkonsert i A-moll av J.S. Bach.

Som tradisjonen er, avslutta Hornmusikken konserten. Først med ”The first Noel” og så eit potpourri med amerikanske songar;”A Christmas celebration”. Heilt sist kom ”Deilig er jorden” med allsang og hornmusikk.

Alle kunne så gå heimatt med julefred, etter denne velfortente og koselege pausen i julestria. Endå til litt julesnø hadde blitt strødd over landskapet denne kvelden.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2024 eZ systems as