Innbrudd i Småbåthamna

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 17.12.2006

Ein gong i løpet av sist veke har det vore innbrudd i medlemsnaustet til Småbåteigarlaget.

Innbruddet vart oppdaga laurdag morgon. Mykje verktøy og utstyr har vorte stole, blandt anna høgtrykksspylar, drillar og eit verktøyskrin. Saka er meldt til politiet.

Småtbåteigerlaget hadde vorte veldig glad for tips som kan oppklare denne saka. Slike tjuveri rammar ikkje berre alle medlemmane, men også arbeidet dei gjer for at bygda vår skal framstå som ein attraktiv plass å besøke.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as