Nyopning på Coop

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 17.12.2006

Torsdag 14. desember kunne det nye "handelslaget" vise seg fram i ei flott og tidsriktig framtoning.

Etter mange månader med byggesjau og omflytting av varer, var det endelag klart for ein ny og moderne butikk. Coop har fått nye frysediskar, ny grønnsaksdisk, nytt golv, tak og til og med ein kaffikrok med utsikt mot allmenningen. Det har vorte rett så fint.

Torsdag inviterte dei kundane inn til kaffi og marsipankake, og ballongar og andre småartiklar til barna. Det var høgtidleg opnining tidleg på dagen med blandt anna ordføraren tilstades.

Stordalsportalen vil gratulere Per Ivar Skodjereite og alle dei andre på Coop, med ein flott butikk. Vi vil også takke for den flotte servicen vi har fått dei siste månadane, trass i byggesjau og kummerlege forhald.


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as