Stordal Turlag stifta

Skrive av: John Kristian Hjelle
Innlagt den 04.12.2006

På eit møte i Grendasalen torsdag 30. november vart Stordal Turlag stifta.

Bakgrunnen for stiftinga av Stordal Turlag er ei erkjenning av behovet for å få til meir organiserte tiltak kring det å kartlegge, beskrive og gjere kjent det utruleg flotte turterrenget som vi har over heile kommunen og innover mot våre grannebygder.

Før stiftelsesmøtet hadde over 30 personar førehandsteikna seg som medlemmar, og fleire som møtte fram teikna seg også som medlem.

Stordal Turlag legg opp til å gå opp stier og turruter og kartleggje disse, og arrangere turar med turleiarar i kommunen og inn mot nabokommunane.

På møtet fortalde Jan Helland frå opptakta til initiativet, frå turar arrangert av andre turlag og arbeid med turar for Sunnmøre Turistforening i 2007. Hildegunn Langhaug Berli fortalde frå turar ho hadde vore turleiar for, og Einar J. Hove gjekk gjennom sjølve stiftelsesprosedyren.

På møtet vart fyljande valt til styre for 2007:
- Leiar Stig Falling
- Styremedlem Hildegunn Langhaug Berli
- Styremedlem Jan Helland

Les meir om prosjektet her.

Aktører

Infoside  Stordal Turlag

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as