Julegrantenning

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 03.12.2006

Til tonane frå Stordal Skulekorps, vart julegrana tend søndag kveld.

Det var ikkje mykje som minna om desember og vinter denne kvelden. Vi las av 10 varmegrader på målaren, sjølv om vinden var kald. Likevel var mange samla på Almenningen.

Maria Holand Tøsse starta med nokre vakre julesongar. Julegrana vart tend, og små og store gjekk rundt treet medan Skulekorpset spelte. Skulekorpset med nissehuer for anledninga . Dei små regndropane som kom, gjorde ingenting.

Barn er opptatt av tradisjonar, og sakna Julenissen denne kvelden. Han har no vore snill og kome med mandarinar tidlegare. Bøna frå Stordalsbarna var: kan nissen kome igjen til neste år?


-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as